Hundefotografering – Tips fra Susanne Håheim

Forfatter og fotograf: Susanne Håheim

Det å ta bilder av dyr er ikkje alltid like enkelt. Dei beveger seg raskt og skal gjerne vere over alt på samme tid. Den eine gongen du trur du er heldig og kan få til eit bra bilete når hunden din sit fint oppå trestubben og studerer på noko, og i det du bøyer deg ned for å ta eit blinkskot, så er det jo typisk at du og kameralinsa blir overfalt av våte kyss. Korleis kan ein gjere dette enklare, og korleis kan det bli bra? Eg skal gje deg nokre enkle tips.

1. Kva utstyr har du? Tenk over kva utstyr du har og kva det er eigna til. Nokre kamerahus er bedre til hundefotografering enn andre. Sjølv begynte eg med Nikon D3000 som er eit greitt nybegynnerkamera. Eg har og hatt kamerahus som Canon 600D, 70D og no 5D Mark III. Mobiltelefonar får også stadig betre kamera, så tipsa fungerer like så godt til deg som fotograferar med mobilen! Objektivet, eller linsa, har minst like mykje å seie som kva kamerahus du har, om ikkje meir, etter mi meining. Vanlegvis når ein kjøper eit nytt kamera, følger det med eit KIT-objektiv. Mest vanleg er 18-55 mm linsa. Denne er heilt okey å bruke og fungerer greit i bra dagslys, men med denne vil ikkje du få den fine uklare bakgrunnen mange streber etter. Om du vil ha noko ekstra så set du vekk 18-55mm linsa og ser heller på nokon av desse godbitane eg har erfaring med:

– Canon 50mm f/1.8 (Passer for portrettbilder)

– Canon 50mm f/1.4 (Passer for portrettbilder

– Samyang 14mm f/2.8 (Passer for landskapsfoto og gir en kul vidvinkel/fisheye-effekt. Ver obs på at dette objektivet ikkje har elektronikk i seg, altså du må bruke manuellfokus. Dette lærer ein raskt når ein prøver seg litt fram)

– Sigma 105mm f/2.8 macro (Passer for macrobilder, dvs bilder av insekter, blomster, andre detaljer. Eg har og brukt denne til dyreportrett og menneskeportrett)

– Canon 135mm f/2.0 (Min favoritt, passer for portrett)

– Canon 70-200mm f/2.8 (Passer for portrett og sport. Mykje brukt innen heste,- og hundesportsfotografering, eit objektiv eg sjølv ynskjer meir erfaring med)

Alle objektiva nevnt over her har ganske stor blenderopning (lavt blendertal). Dette vil seie at dei er lyssterke og har ein fordel i dårlegare lys enn objektiv som starter på liten blenderopning (høgt blendertal, f.eks f/4-f/5.6 og oppover). Om du som nybegynner ynskjer å ta gode bilder, er 50mm f/1.8 eller f/1.4 svært gode valg. Desse er ikkje så dyre, og du får dei for mellom 500-1500 kroner brukt. Dei fleste objektiv finnast med fatning til dei aller fleste kamerahus (Nikon, Canon, Sony…).

2. Kamerainnstillinger. Kva innstillinger du bruker på kameraet har ein god del å seie. Dette er nok mest aktuelt for speilrefleks og digitalkamera, men fleire mobiltelefonar har også fått desse innstillingane. Sjølv bruker eg som regel manuelle innstillinger og endrar på ISO og lukkertid. Desse er to komponenter som må passe saman med lyset for at biletet skal bli bra. Når du ser inn gjennom kameraet vil du ofte sjå nokre prikkar på ei rekke bortover. Dersom du ikkje får opp prikkane, trykk avløysaren halvvegs ned, og dei vil dukke opp. Det vil og vere ein ekstra prikk som beveger fram og tilbake alt etter kor du peiker kamera. Denne prikken seier noko om lyset. Dersom du vrir på hjulet ved siden av avløysaren på kameraet vil prikken flytte på seg. Det er no lukkertida du stiller på. Prikken bør vere ca på midten når du tar bilder. Dersom lukkertida er for lang og biletet blir utydeleg, må du stille opp ISO-en, og då må du truleg skru på hjulet igjen. Dette med kamerainnstillinger kan vere litt vanskeleg i starten, men når du får prøvd det ut litt, så kjem du raskt inn i det. Ikkje gje deg, for det å kunne manuelle innstillinger vil du få igjen for seinare.

3. Ta bilde nedanfrå og opp eller rett på. Den vanlegaste feilen eg ser mange hundeeigarar gjer når dei tek bilete av hunden sin er at dei står oppreist og tek bilete av hunden ovanfrå og ned. Det kan nok bli kult, men då må du verkeleg kunne det. Vanlegvis blir slike bilder flate og kjedelege sett frå ein fotograf sitt ståsted. Hundebileter og dyrebileter blir generelt bedre når ein er i augehøgde med dyret.

4. Fokus på ansikt. Det er ikkje labben eller pelstustane som stikker ut på sida vi vil sjå. Det er ansiktet, gjerne med fokus på augene. Prøv deg fram med forskjellege blenderopningar. Stor blenderopning/lavt blendertall (f/1.2-f/3…) gir eit lite fokusområde som kan gje ei fin og spennandes djupne i biletet. Ved eit høgare blendertal/liten blenderopning, får du eit større fokusområde (f/5…) som ofte vert brukt til landskapsfotografering. Stor blenderopning/lavt tall er det dei fleste bruker når dei tek portrettbilder. Berre prøv deg fram!

5. Ikkje kutt kroppsdeler. Få heller med heile hunden og godt med luft rundt den, då har du meir å jobbe med i etterkant i staden for å angre deg over at du ikkje tok med heile hunden i utgangspunktet. Ta utgangspunkt i “det gylne snitt” og jobb ut i frå det, men hugs at reglar er til for å brytast.

6. Ha med deg ein medhjelper som kan distrahere hunden og få dens oppmerksomhet i di retning.

7. Etterbehandling. Ingen av bileta eg tek er “naturlege”. Eg bruker alltid ei eller anna form for etterbehandling på mine bileter, nokre redigerer eg meir, andre mindre. Eg aukar som regel alltid kontrast, lysner skuggar, fjernar høglys og gjer biletet skarpare. I nokre bileter forsterkar eg også fargane. Dette er kanskje ikkje alltid nødvendig dersom du fotograferer i JPG, sidan kameraet redigerer bildene automatisk med ein gong biletet blir teke. Eg fotograferer alltid i RAW-format som gjer at ein får med fleire detaljer i biletet, og ein har fleire mogelegheiter for redigering seinare. Du kan til dømes hente fram detaljar frå mørke skuggar du ikkje har mogelegheit til i andre format.

Eg håpar dette har vore til nytte og eg har gitt deg tips og motivasjon til å finne fram kameraet. Om det er noko du lurer på, send meg gjerne ein melding på Facebook eller huk tak i meg om du ser meg på ei utstilling. Gje gjerne ein lyd dersom du vil eg skal ta bileter av din(e) hund(er) på Potefoto på Facebook.